Wednesday, February 14, 2007

Sunnfjordingar i Polen\ 2-3 Tap

Endelig blei det tunbesøk til Polen for Tassen, Rune og Thomas og gjett om vi har storkost oss. Etter mykje rot på reisa fra vestlandet til Rzeszow kom vi oss omsider fram til den majestetiske Podpromie arena om lag ein time før kampstart på reisas store mål: Resovia vs Częstochowa. Vi rakk så vidt å få helst på ein konsentrert Tunfisk før vi fann seta våre midt Resovia sin supporterkjerne. Ramma rundt kampen var fantastisk med 5000 energiske tilskodarar som støtta laget sitt konstant både i motgang og medgang, og ikkje minst lagde ein vanvittig pipekonsert kvar gang ballen var i spel på motstandaren sin banehalvdel. Kun Førde-supporterane kan måle seg med detteJ

Rykta før kampen gikk på at Geir skulle starte kampen, så skuffelsen i den norske kontigenten var stor då Resovia-spelarane entra bana og Tun blei sittande att på benken. Dette viste seg kleberson å vere ein tabbe av trenaren. Częstochowa feia over Resovia med eit voldsomt servepress og kraftfullt angrep. Fisken fikk etterkvart prøve seg litt og fekk ein uheldig start med to dårlege mottak på monsterserve fra ein eller annan god amerikanar. Synd, men Tunfisk reiste seg fort opp og Resovia henta inn litt på slutten av settet, 17-25.

Det blir eit dårleg kampreferat dette, men neste sett blei jamnt og enda 27-25 til Resovia og stemninga er elektrisk. 3. sett taper vertane 18-25. Tun og tsjekkaren Karel byter mykje på å spele desse setta og begge spelar vel på det jamne. 4. settet startar, og denne gongen er Tun på bana, og no er nordmannen i form! Med solide mottak og imponerande angrep er han sterkt delaktig i at Resovia vinn greitt 25-21. Gode briller!

Det som skjer etter dette er derimot ikkje like brille. Etter den gode stimen Resovia avslutta fjerde settet på venta vel eigentleg heile hallen på ei real overhøvling i 5. settet. Av ein eller annan grunn finn då trenaren ut at Eithun skal tilbake til benken og tsjekkaren inn. Vi skjønte særs lite av denne disponeringa, og den viste seg å vere rimeleg katastrofal. Tsjekkaren er svært uheldig i mottak og plingar mottaka både dit og dat. På 0-4 må trenaren bite i (det som virkar for han å vere) det sure eplet og byttar Karel med Geir. Sjølv ikkje den staute førdianaren kan produsere nok magi til å snu dette og det endar 9-15. Resultatet er for så vidt ein bra prestasjon av Resovia, men tidenes dårlegaste disponering gjer at dei norske langvegsfararane er misnøgde, tun er forbanna og i ettertid har vi også fått høre misnøye fra andre uavgengige partar som stiller store spørsmålsteikn ved kvifor Fiskemester ikkje startar 5. settet.

Jaja, ei stor oppleving var det uansett og det var moro å sjå kor poppis Tun var hjå fansen. Det måtte unnagjerast ein halvtimes autografskriving før vi var så heldige å få veksla nokre norske gloser med han. Ellers kan det nevnast at vi langt ifra var dei største tunfansa utad i hallen. Rett nedanfor oss satt det to damer med norsk flagg og fulgte Eithun tett med sine videokamera og på andre sida av bana kunne vi sjå eit stort Geir Eithun banner. Dessutan observerte vi ein låg, halvfeit bleikfis på pressetribuna med tv2-kamera.

Resten av oppholdet holdt vi oss stort sett i Krakow og eg trur vi nøyer oss med å seie at dette er ein fantastisk by og vi håper det blir fleire tunbesøk seinare.

Helsing Tassen, Kapteinen og Bikkja

(Bilder frå Thomas)

2 Comments:

At 10:38 PM, Anonymous gosia said...

yhm... match was ok
you too of course ;)
greatings from lublin
gosia

 
At 2:31 PM, Anonymous Ole Morten said...

Kor e bilda, du er udugelig

 

Post a Comment

<< Home