Stor Skalp
3-0 borte mot ein av favorittane til tittelen i årets liga er råsterkt! Riktignok mangala dei sin beste diagonal, men det var nok fleir enn oss sjølv som vart overraske over eit slikt resultat.
Vi spelar bunnsolid volleyball i denne kampen, og gjer veldig lite personlege feil. Særleg i midten var vi ustoppelege, og det var ikkje greitt å avgjere kven som hadde to midtspelarar frå VM på bana! Dei leverte omlag 80-90% kill i angrep og ei rekke blokker. Mottaksspelet var solid, og gjorde at vi kunne nytte den store effekten i midten til fulle. Jastrzębie på si side hadde nok ikkje gjort heimeleksa si så godt som SKRA forrige helg, og klarte aldri å demre opp i midten.
Vart vraka før denne kampen. Ei litt tynn forklaring gjorde det litt hardt å svelge etter to gode kamper, og best statistikk i mottak forrige helg. Når resultat endar slik det gjer så kan ein jo ikkje klage på noko, og heller ikkje vente å sjå noko speletid undervegs i kampen. Einaste forklaringa eg fekk vart at vi skulle spele i ein liten hall og at han eg kjemper med slår meir "blokk-ut". Artig grunngjeving.
No ligg vi altså heilt oppe i toppen, og kjempar om ein plass blandt fire beste laga i Polen. På onsdag møter vi Olzstyn som er min favoritt til mesterskapstittelen i år. Byrjar nok på benken i denne kampen, men vil overraske meg om det ikkje vert nokre rokeringar undervegs.
Allreie på fredag byrjar andre runde i serien, og vi opnar knallhardt med Chestchowa i denne TVkampen. Her tapte vi 2-3 borte i serieopninga, og vi er klar for å ta fleire poeng mot dette laget.

1 Comments:
hello. can you write your notes in english because i don`t understund anything :) ? see you later on a match with olsztyn today :)
ich drucke dir Daumen. i`m sorry but i can`t write this in english :P
i hope so you know something in german :*
Post a Comment
<< Home