Nytt 2-3 tap

Vi tapte 2-3 i Warszawa på laurdag. Før sessongen var dette ein kamp som mange ville tippa like jamn som den vart. Etter den gode første delen, var derimot forventningane til oss skrudd vesentlig opp. Igjen viste Resovia fansen seg å vere Polens beste. Vel 100-200 sang oss inn i hallen omlag halvanna time før kampstart!
Og det heile byrja som det skulle. Vi skaffar oss tidleg ei lita luka, og aukar på heilt til det står 17-10. No er vi stjerner, og trur vi skal hente dette heim utan noko særleg motstand. 17-10 enda med knappast mogleg settsiger 25-23, og Warszawa var for fullt inne i kampen igjen. Andre Settet byrjar jamt, men frå andre tekniske time out skaffar vi oss eit 3-4 poengs forsprang og held dette settet ut.
Dei tre neste setta liknar det andre, men med motsatt utfall. Vi hadde no to sjansar til å få med oss tre poeng, men enda på eit. Det er for dårleg mot eit svekka Warszawa. Vi slit med uttellinga i midten, og altfor lite blokkspel. Dette har vore vår styrke til no, og utan desse elementa har vi pr. i dag ikkje nokon god "plan B". No fekk vi iallefall planta beina godt på jorda igjen, og må jobbe ekstra hardt for å komme oss opp på den ideelle tredjeplassen igjen(då slepp vi å møte ein av dei fire forhandsfavorittane i første sluttspelkamp).

Eg starta kampen og seier godkjent på eigen innsats. Blei som vanleg mykje bytting på kantplassen, og det vart vel omlag like mykje speletid på meg og Tsjekkaren. Statistikken viser 67% i mottak, og 65% i angrep. Mest nøgd er eg med at servinga omsider har tatt seg opp. På laurdag burde dette halde til meir speletid, men har innsett at trenaren fryktar mottaka mine i viktige fasar av spelet. Om eg klarar å stabilisere spelet mitt enda litt meir trur eg på meir speletid i kampane framover. Er i bra form for tida, og med helgas tap er det heilt åpent kven som startar på fredagens kamp mot Gwardia Wroclaw.

6 Comments:
uhh this match was terrible :/ see you on friday
Ann: Tun can you write your note in English? I think many people from Poland want to read something about you but most of them don't understand language you are writing in.It would be great if you could write in English. Wish you lots of happy moments. You are the best!
Heh I told you something about Resovia fans here already in July I think:)
Hi Geir I want talk with you. have you got GG?? can you write with my E-Mail?? ania_daraz@wp.pl
greetings anka
Hej Geir
Gode billeder af dig, synd at I tabte men fedt det går dig godt personligt. Det ser også ud til, at det går godt med de polske damer :-)
Ellers er alt vel i Århus, til trods for at vi har kæmpe snestorm og ikke kan komme nogen vegne.
Hvis du vil følge lidt med i SK vej mod guldet kan du tjekke min side på http://oleschmidt.spaces.live.com/
Hyg dig.
-Ole
Hi Geir :) you and Resovia are the best:) Don't worry this defeat with Politechnika. For sure we win on friday :) I keep one's fingers crossed!! Podpromie is ours :* bye!!
Beata :)
Post a Comment
<< Home