Sunday, January 21, 2007

Tabelltopp


Med 3-0 borte mot Delecta Bydgoszcz, gjekk vi rett til topps på tabellen. Vi har kanskje møtt laga som antatt skal havne på nedre del av tabellen, men at vi tronar toppen vert ikkje omtalt som noko anna enn ein liten sensasjon.

Vi vann altså tre strake sett mot eit av bunnlaga i serien. Når det er sagt så er eksistera det ikkje enkle bortekampar i den serien her. 3000(langt frå halvfullt) på tribuna fekk sjå at vi hadde god kontroll i alle tre setta. At dei to første vert så jamne som 25-23 til slutt må tilskrivast slurv frå vår side. I begge desse setta leda vi 24-20. Delecta kunne aldri matche oss i korkje servepress eller blokk, og mottaket sikra at utellinga i angrep var særs høg.

Endeleg løsna det litt for meg også. Etter ein tøff periode, var det godt å vere tilbake til normalen igjen. Kom inn i begynnelsen av andre settet og sto kampen ut. 75% i mottak og 63% i angrep er bra, og det var godt å prestere i kamp også. Trenaren har sagt at vi må ha høgt trykk i angrep på laurdag og lova meg ein plass på start seksaren. No må vi berre halde trykket oppe på trening, for til helga kjem det til å koke i Popromie idrettshall. Smekkfulle tribuner(ca.5000), direktesendt tv-overføring og eit av Europas beste klubblag kjem nok til å kreve meir enn ein god dag på jobb. Så om nokon skulle få inn polske kanalar er det berre skru på TV4 og følgje med!!

5 Comments:

At 8:20 PM, Anonymous Bikkja said...

Smokes! Brille med tabelltopp. Grattis! No gjeld det å halde den fram til eg og tassen er på plass ringside:)

 
At 8:24 PM, Anonymous Ania said...

You can watch the Saturday match live on TV4 or Polsat Sport, too. Good luck and don't let the nerves eat you down:)

 
At 9:33 PM, Anonymous Anonymous said...

you are the best!!!
see you on saturday!!

greatings from Lublin,
gosia

 
At 8:53 PM, Anonymous natka said...

Unfortunately i can't go and see you in real on saturday so i wish you all best and i'm sure that now you will be playing all the match.
Hugs...
Natka

 
At 8:57 PM, Anonymous Natka said...

Geir, can you write your notes in English too?!
;)

 

Post a Comment

<< Home