Monday, January 15, 2007

Nye poeng

Gratulerer Førde med Cup finalen. Vanvittig kjekt å få vere å sjå på. Ein alvorleg kort tur heim vart det, men absolutt verdt litt lite søvn og travle dagar!!

Sidan sist har vi vunne to Tv-kampar med minst mogleg margin. Først slo vi Radom 3-2 borte foran 2000 galne supporterar. På fredag vann vi med samme siffre mot det meget sterke laget Mostostal for fullt hus her i Rzeszow.

Spelet vårt bølgar til tider veldig mykje, men alle som er tilknytta klubben er særs overraska over den gode poeng haustinga vår. Vi ligg no på andre plass med 11 poeng. Vi riktig nok møtt dei svakare laga i ligaen, og får det nok tøffare utover. Til helga møter vi Bydgoszcz, som no ligg heilt sist, men som slo oss før sessongstart. Etter dette får vi ein veldig tøff periode. Vi skal då spele mot dei fire beste laga i Polen, og får verkeleg målt krefter meddei beste. Neste heime kamp er mot SKRA Belchatow som vann ligaen her i fjor, og som vinn si gruppe i Champions League.

Har vert lite speletid på meg i dei to siste kampane. Skulle starte kampen mot Radom forrige veke, men måtte gje bort plassen då eg skada kneet nokre dagar før. Gjorde nokre innhopp i denne kampen. Bra angrep, men for dårlig mottak. På fredag gjorde eg berre eit veldig lite innhopp i fjerde settet(kantspelarane som stod spelte veldig bra). Sjølv om det berre var snakk om 7-8 ballvekslingar var dette årsverste frå meg.

Ny veke, nye sjansar. Omlag frisk i kneet og klar for ei god veke!

0 Comments:

Post a Comment

<< Home