Første Poengtap
Første poengtapet for sessongen kom, ikkje uventa meiner mange, mot topplaget Skra Belchatow. Vi tapte 0-3 foran eit stappfullt Popromie. Stemninga var høg, og eg tykkjer vi hadde fortent ialefall eit sett i lørdagens kamp.
Historien for dei tre setta er ganske lik. Fram til omlag 18 poeng, eller andre tekniske timout(16) er det ganske jamt. Enten vi leiar med eit eller to poeng, eller er bak med det samme sifre er det i denne perioden vi taper alle dei tre setta. Viktige poeng enda ofte med blokk, forsvar eller angrepsfeil frå vår side. Resten av spelet vil eg sei fordeler seg ganske jamt. Serv og mottak er omlag like bra på begge sider. Men det viser seg altså i ein kamp mellom to jamne lag vinn det laget med best angrep(trur UCLA trener Al Scates skal ha uttalt dette).
Eg meiner vi spelar ein god kamp. Vi spelar godt på dei elementa der vi er gode. Bra mottak gjer at vi heng med så pass godt som vi gjer. Problemet vårt er at vi alltid stolar veldig mykje på midt- og diagonal spelet vårt. Dermed spelar vi ein ganske gjennomskuelig volleyball med tre angrepspunkt(to frå midt, og frå høgre sida i posisjon 2 og 1). Mot svakare lag held dette. Mot gode lag som Skra og dei tre neste laga vi skal møte vert dette for lite, og blokka vert for sterk i desse punkta. Eg meiner derfor at vi har to alternativ til å matche desse laga. Enten må vi satse 110% på serv, eller snu spelet vårt og nytte angrep frå kantplass og posisjon 6 i større grad. Utan dette er ca 20 poeng i kvart sett mot desse laga eit rettferdig resultat.
Som sagt, ein god kamp av oss, men litt for tradisjonell til å få med oss poeng mot eit slikt lag. Eg spelte heile kampen laurdag, og kan sei meg nøgd med eigen innsats(viss ein kan det etter eit tap...). Hadde ein god dag i mottak, og vart etterkvart ståande som hovedmottakar saman med libero. Angrepet gjev stort sett bra uttelling, men slit litt med at det vert mykje redningslegg som kjem på venstresida. Serven er på bedringensveg etter ein laber periode. Folk er nøgd med prestasjonane våre i kampen, men eg meinar altså at vi kan gjere små endringar i spelet vårt som vil gjere oss mindre forutsigbare(iallefall når mottaks prosenten er så høg som den er).
Til helga venter Jastrzebski borte. Dette vert ingen enkel oppgåve. Heile fire frå Polen sitt Sølvlag spelar her.

2 Comments:
don't worry eithun ;)
7th and 9th february atmosphere will be too hot like in match with skra bełchatów. we'll win with olsztyn and częstochowa!:) and with jastrzębie too;]
RESOVIA RZESZÓW!
Geir YOU ARE THE BEST !!!!!!!! :*
Post a Comment
<< Home