Wednesday, December 06, 2006

Turneringar og kamp om plass

Litt treigt med oppdateringar, ganske enkelt fordi det har ikkje skjedd så veldig mykje sidan første runde i cupen vart avslutta. Kampen om dei seks plassane på bana er i full gang, og forrige helg spelte vi turnering i Radom.

Vi leverte desverre ingen sterk prestasjon i helga som var, og endte med ein siger og to tap. Første kampen vann vi 3-2 mot eit lag som i utgangpunktet skal vere omlag på vårt nivå(warszawa). På papiret skal dei to andre laga vere svakare enn oss. Dette var ikkje synleg i helga, og vi tapte begge med 0-3.

Vi kan ikkje sei oss nøgd med anna enn to av setta mot Warszawa. Då var det god glid i spelet, med bra servepress og bra blokking. Ingen av desse delane var på plass i dei andre kampane, og då vert ein for små på dette nivået. Eg spelte dei to siste kampane, og små innhopp i den første. Med dei resultata vi presterer er det sjølvsagt ikkje mogleg å vere nøgd med eigen innsats. Slit desverre fortsatt litt for mykje i mottak og serv. Angrep derimot fungerar bra med mellom 60-70% kill.

Det er fotsatt ei veke og ei turnering til seriestart, men er redd for at trenaren vil prioritera maksimalt mottak i opninga. Dette kan koste meg plassen på første seksaren. Skal jobbe hardt den kommande veka for å minske feilprosenten i mottak, og gi hard konkurranse om kantplassen.

I morgon reiser vi til ei ny turnering, også er det klart for serieopning om ei veke. Dei fleste har sikkert fått med seg at Polen har tatt sølv i VM. Dette har gjort at det herjar volleyballhysteri om dagen. I krakow var det storskjerm midt i byen under finalen, og når heltane landa i Warzawa mandagskveld var det direkte sending med studio på flyplassen, og fleire tusen møtte fram for å gratulere. Lure på når vi får oppleve nokke sånt heime;-)

0 Comments:

Post a Comment

<< Home