Ei God Helg

Vi reiste i helga til Kędzierzyn(uttalast nokke sånt som: kendgjesjyn, og spelte siste turnering før sessongstarten til helga. Vi spelte tre kampar, og trenaren hadde gjeve utrykk for at dei som spelte kampen på søndag mot Mostostal Kędzierzyn også startar neste helgs seriekamp. Dermed var det litt ekstra press og nervøs stemmning før denne turneringa.
Første kampen var mot Delecta Bydgoszcz, som vi tapte 3-0 for forrige helg. Vi svinga fortsatt ein del i prestasjonane, men fekk til slutt revansj og vann 3-2. Med tørhoste og litt feber såg eg denne kampen frå sidelinja. I kampen om kantplassen fekk vi beskjed om at vi skulle spele ein kamp kvar på fredag og laurdag. Dermed spelte eg kampen på laurdag mot Gwardia Wroclaw. Utanom tredjesettet(som vi taper 23-25) har vi full kontroll på denne kampen og vinn 3-1. Eg leverte min til no kanskje beste kamp her nede. Etter ein periode med litt for svake mottak, var det godt å kjenne at det er på veg tilbake. 78% i mottak, 18 poeng i angrep, 4 blokkpoeng, og ein litt for svak serv var nok til å starte også kampen på søndag.
Mostostal er eit lag med lange tradisjonar og gode resultater i europeisk volleyball. To av spelarane deira deltok i årets VM i Japan, tsjekkias leggar og ein tysk kantspelar. Søndagens kamp vart finalen i turneringa, og genralprøva til seriestarten. Etter å ha levert eit meget sterkt første sett der vi vinn 26-24, har vi for lite gnist i angrep til å matche dei i de i tre neste setta. Vi taper til slutt 1-3 i ein ganske velspelt kamp. Mottaka var fortsatt bra på over 70%, men merka at blokkamotstanden var bedre organisert i denne kampen, og enda på rundt 50% i angrep. Fekk med meg bestemannsprisen for turneringa og er veldig nøgd med helgas resultat. No ser eg fram til ei litt rolgare treningsveke, og seriestart mot topplaget Częstochowa på laurdag.
No skal eg ned på reisebyrået og bestille flyreise heim til cupfinalen i Oslo 6. januar. Om ikkje den vert for dyr så treffe eg vel dei fleste der:-)

0 Comments:
Post a Comment
<< Home