3-0, Jul, 3-0 og Nytt År

Juledager med begrensa internett tilgang i Krakow, bror på besøk og ellers ganske hektiske dager har gjort oppdateringa heller dårlig den siste veka. Og sidan det er 31. Desember i dag så vert det berre ein liten sak her.
Lisjelisje julafta vann vi lett 3-0 heime mot eit veldig tafatt Warszawa. Foran litt over 3000 heimetilskodarar klaffa det meste for oss, og omlag motsatt for Warszawa. Sjølv om det siste settet vart nokonlunde jamnt var det aldri nokon tvil om kven som skulle vinne denne kampen.
Julafta feira meg og bror Harald i Dan og Påls Leilighet i Krakow. Det var nok ei litt alternativ julefeiring, men vi koste oss begge to. Pinnekjøtttet, pølsene, medisterkakene, surkålen, kålstappa og sausen vart ein stor suksess, og vi mistenker mange for å overdrive kor vanskeleg det faktisk er å lage ein god julemiddag(til min store glede fekk vi ikkje tak i poteter, og eg slapp dermed å la desse "ta opp" viktig plass på talliken for syns skuld!). Det var rolege dagar i Krakow, men vi fekk lagt ein liten visitt til eit av byens Kasino. Eg satt i lykka, og kunne innkasere store gevinster:-) Harald derimot gjorde sitt beste for å dekke inn igjen det kasinoet tapte på meg! Han nådde til slutt målet, og vi kunne forlate åstaden korskje rikare eller fattigare.I går var i Wroclaw og fekk med oss nye 3 poeng. Det byrja som mot Warszawa, og første settet endte med utklassings sifra 25-14. Også i dei to neste setta hadde vi stort sett føringa, men konsentrasjonen glapp i perioder og vi slapp Wroclaw til tider veldig nærme. 26-24 og 25-23 burde ha vore styggare sifre etter 6 poengs leiingar i begge setta. Det betyr lite når vi vinn og vi kan gå inn i det nye året godt nøgde med poenghaustinga så langt.
Trenaren er konsekvent på å la dei som vinn kampar spele neste kamp. Med to slike kampar vert det dermed mykje benkesliting for oss som ikkje starta. I første kampen er det knapt nok bytter(forståeleg nok). I Wroclaw kjem eg inn på stilinga 13-13 i tredje settet og spelar kampen ut. Vi drar nok ein gong i frå, men må sjå at 24-20 vert til 24-23 før vi endeleg sett spikaren i kista. Er fornøgd med det eg får utført den lille stunda eg er på bana. Programmet utover vert tøffare og tøffare, og meir speletid skal vere like rundt hjørnet(håpar eg).Fredag er det direkteoverført kamp mot Radom, og på laurdags morgon vender meg og Harald nasen heimeover. Ynskjer Førde lykke til i finalen!
No må pinnane i kjelen, og rakkettar må handlast inn! Ynskjer alle eit riktig GODT NYTT ÅR!!!

2 Comments:
We're from Wrocław and we have been on game Resovia vs Wroclaw. It was great! Too bad that you are not playing in Wroclaw. Hope you come back soon! Best regards.
Ja tez jestem z Wrocławia i byłam na ym meczu a nawet znam Agate i Kasię, ale nie wszystko umiem napisać po angielsku:) Szkoda, że piszesz bloga po Norwesku, ale już niedługo się dowiem co tam piszesz o moim Wrocławiu...:D Dokopaliście nam z Resowią strasznie..
Pierwszy raz widze żeby siatkarz prowadził bloga, ale to pozytywne:)
Pozdrawiam Ciebie i kolegów z drużyny:*
Olga
Post a Comment
<< Home