"Heime" igjen
Etter fire herlege dagar heime i Førde, var det tilbake til kvardagen på Tirsdag. Sidan det var siste tur heim på omlag sju månader vart det litt ekstra tøfft å sette seg på flyet denne gongen. Forsinkelsar, kanseleringar og tog utan straum gjorde ikkje sjølve reisa noko særleg betre.
Kjekt å få helse på folk igjen! To julemiddagar vart konsumert, ein storkamp i volleyball fekk eg sett og ein aldri så liten feiring av resultatet fekk eg vere med på:-) Kryssar alt eg har for at Førde tar seg til finalen i januar. Eigentleg trur eg ikkje det trengs! Det Førdelaget presterte mot Nyborg viste at noko har skjedd dei siste månadane. Dragvoll vert garantert mat for eit betre og formsterkt Førde i Førdehuset kommande laurdag.
Her nede er vi tilbake det vanlege treningsopplegget. Men noko har skjedd sidan eg reiste heim. Sjølva treningane har tatt seg opp og vi trenar meir spelenært. Itillegg har omlag heile troppen friskmeldt seg og sprudlar på trening. Kva som er grunnen veit eg ikkje, men med seriestarten berre nokre få veker unna mistenker eg plass på seksaren for å vere ein viktig faktor. Kan vel derfor slå fast at den verkelege konkurransen om kven som startar første kampen 16. desember er i gang. Skal iallefall gjere mitt ytterste!!
Legg ut terminlista framover slika at dei som vurderer ein tur nedover kan planlegge ut i frå den. Til helga er det siste frihelg på lenge. Dei to neste helgane skal vi spele turneringar i andre byar før det heile brakar laus borte mot Czestochowa 16. desember. Dette laget endte topp fire i fjor år, og er tippe blandt dei beste også i år. Amerikanarane Brook Billings, Phillip Eatherton og Salmon Riley(iallefall to av dei spelar på USA sitt landslag i VM) spelar på dette laget. Har møtt Brook og Salmon nokre gonger før, og veit kva desse spelarane er gode for.
Sida til Czestochowa har også ein ryddig og grei oversikt over kampane. Det kan vere at noko vert endra på denne lista, men i utgangspunktet ser den iallefall slik ut: Terminliste(mitt lag er for dei som ikj har fått det med seg Resovia SSA Rzeszow, og vi leiar som ein kan sjå tabellen allereie!)

1 Comments:
Hi Geir
Still awaiting for a few words in English for your Polish fans.
I am sure you have more time now :)
Post a Comment
<< Home