Sunday, March 25, 2007

Over og Ut

Lenge sida eg har oppdatert bloggen no. Har hatt nokre innloggingsproblem, og begrensa med tid til å fikse det. Desverre vert det ein litt kjip oppdatering. I siste seriekampen heime mot Jastrzembie var eg så uheldig å tråkke over på venstre labben. Det heile såg ut som ein vanleg overtråkk heilt til vi fekk resultata frå MR-bileta. Dei vista at siste rest av sener var rivne av, og at ein operasjon er naudsynt for å fungere optimalt på volleybalbana igjen. Har fått time alt på først kommande mandag, og operasjon følgjande dag(dersom hevelsen er gått ned).Dermed ryk dei neste månadane med til gips, opptrening og ein heil masse fritid.

Er veldig skuffa over at sessongen skulle ende slik rett før moroa starta for alvor. Har hatt min beste peridode utanlands(sjølv om vi har gått på nokre smellar) den siste tida. Med mykje speletid, og solid statistikk såg eg verkeleg fram til sluttspelet som startar allereie neste veke. Skaden er desverre lite eg kan gjere med, og eg får berre kryssa fingrane for at den siste tida har vore ein god nok søknad om ny kontrakt.

Dermed vert det ein uønska lang sommarferie for meg i år. Skal bruke tida godt til opptrening, og sikkert ein del slaraffen. All volleyball må leggast på hylla for ei stund, og dermed ryk også landslags aktivitetane i år(!sett at det er lagt opp til noko då.. eg har ikkje hørt om noko enda..!)

Skal prøve å legge ut nokre bileter, og ei lita oppsumering av sessongen når eg kan ha foten i normal høgde!

Sunday, February 25, 2007

Ei God Helg

3-1, og tre poeng, heime mot Gwardia Wroclaw var eit resultat dei fleste forventa. Dei som har fylgt klubben dei siste åra derimot, veit at uansett kor store favorittar Resovia har vore mot Wroclaw heime, så har ein tapt 2-3. Dermed er ein dårleg tradisjon broten og vi heng fortsatt med i toppen.

At vi fekk med oss alle tre poenga(eller poeng i det heile) var nok litt heldig. Det heile byrja som det skulle og fekk kjapt ei 5 poengs leiing. Denne haldt vi settet ut og vann klart 25-18. Andre settet er meir jamt, men Wroclaw har funne meir ut av spelet vårt og er borti det meste av ballar både i forsvar og blokk. Når dei i tillegg treff 100% på serven, vart 16-15 snudd til 20-25. Tredje settet er jamt, men vi ligg heile vegen bak med 2-3 poeng. Først når stillinga er 21-23 får vi orden på sakene, og vinn 26-24. Vi kunne altså ha havna bak 1-2, og verkeleg vore i problem. Det gjek heldegvis vår veg og fjerde settet vart ein rein maktdemonstrasjon frå vår side. Vi servar og blokkar dei senk og vinn til slutt heile 25-13.

Vanskeleg å spele mot eit lag som svingar slik i prestasjonane. Når vi føler at dei kollapsa fullstendig er dei tilbake og spelar god volleyball. Vi gjer ikkje ein veldig dårleg kamp, men Wroclaw spelar godt, og gjer kampen til tider veldig jamn.

Så langt min beste kamp i serien. Spelte heile kampen, og fekk meir å jobbe med enn vanleg. Har desverre ikkje sett statistikken enda, men veit at uttellinga i angrep var oppe i 70%. Mottaket satt som det skulle, og blokkspelet var bedre enn på lenge. Reknar med i overkant av 20 poeng i denne kampen. Det hjelper også at ein får tillit frå trenaren sjølv når kampen står og vippar. Vart kåra til banas beste spelar, og fekk med meg ein liten glasspokal. Kjekt når det går bra :-)

Allereie på onsdag spelar vi ny heimekamp. Denne gongen mot formlaget Radom. Vi vann 3-2 borte i første runde, og reknar med at det vert ein ny jamn kamp.